Lover for Heimly

§1. Eigarar av HEIMLY BEDEHUS, Mjølkeråen, er dei lokale hovedlaga av: Nordhordland Indremisjon, Norsk Luthersk Misjonssamband, Normisjonfellesskapet. Medlemmene i desse hovudlaga utgjer generalforsamlinga. Kvart hovudlag kan velja inntil 10 representantar med stemmerett.

§2. Huset må brukast i samsvar med Guds Ord og dei Evangelisk Lutherske vedkjenningsskriftene.

§3. Eigarorganisasjonane har første rett til bruk av huset. Dette gjeld óg Søndagsskolen. Huset kan óg brukast til andre gode føremål. Slike spørsmål vert avgjort av styret.

§4. Styret for bedehuset er samansett av fem -5- medlemer og to -2- varamedlemmer. Desse skal vera vedkjennande kristne. Hovudlaga vel kvar eitt -1- medlem direkte til styret og opptil to -2- kandidatar ekstra til resterande val.
Generalforsamlinga vel styremedlemmer til den resterande plassen i styret mellom dei ekstra kandidatane. Dei som ikkje vert vald til styret, vert varamedlemmer etter stemmetal.
Ein bør så langt det er råd, ha likt fordelt representasjon mellom hovudlaga. Styremedlemmene vert vald for to år om gongen, men kan veljast att.
Varamedlemmene vert vald for eitt år. Ingen sit i styret samanhengande meir enn seks år. Vedkomande må då vera ute av styret i eitt år.
Av styremedlemmene går to ut ved loddtrekning første året. Sidan går vekselvis tre og to ut kvart år. Mellom dei valde styremedlemmene vel generalforsamlinga leiar.
Leiarvalet gjeld for eitt år om gongen og skal vera skriftleg.


§5. Styret har ansvar for planlegging av møteverksemda og alt vedlikehald av huset. På generalforsamlinga legg styret fram årsmelding, revidert rekneskap for arbeidet og andre årsmøtesaker. 
Større investeringar som måtte koma bør leggjast fram på generalforsamlinga til avgjerd, eventuelt kallar ein inn til ei ekstraordinær generalforsamling.
Ønskjer eit medlem å leggja ei sak fram for generalforsamlinga, bør saka først leggjast fram for vedkomande sitt hovudlag, som så legg saka fram for generalforsamlinga, etter at styret for Heimly har gjeve si innstilling.
Generalforsamlinga bør haldas kvart år innan utgangen av april. Styret forpliktar eigedomen ved leiar eller ved leiars fråvere, nestleioars underskrift, og har elles den fullmakt som generalforsamlinga gjev.
For å samtala om oppgåvene/arbeidet i huset, kan styret kalla inn til eit fellesmøte når det er ting som bør takast opp. På dette fellesmøtet deltek styret saman med dei utval og arbeidsgrupper som styret vedtek å skipa etter § 6.


§6. Styret kan/skal velja:
     * Styret står fritt til å velja utval eller arbeidsgrupper som kan ta delansvar inn mot arbeidet på huset.
     * Styret skal velja styre for eldresenteret. Eldresenteret bør koma med forslag til kandidatar.
     * Styret skal velja eit driftstyre for barnehagen. Det er utarbeidt instruks for driftstyret. Heimly barnehage er ein del av det arbeidet som vert drive av- og i Heimly bedehus.

Dei personar som let seg velja til dei ulke styra, bør stå som medlem i eit av hovudlaga. Leiarar med åndeleg ansvar i det ulike laga innan vaksenarbeid, barne- og ungdomslaga og eldresenteret, må vera vedkjennande kristne. Hovudleiar i kvart barne- og ungdomslag skal framvisa politiattest til sin organisasjon eller bedehusstyret, og har ansvar for at alle dei andre leiarane over 18 år har framvist politiattest.

§7. Dersom eit hovudlag vert lagt ned og det ikkje vert skipa nytt hovudlag for denne organisasjonen innan fem -5- år etter nedlegging, fell denne organisasjonnen sine rettar og plikter vekk. I dei fem åra har ikkje hovudlaga medlemmer i styret for Heimly.
Hovudorganisasjonen sentralt kan ikkje velja medlemmer til styret.
Skulle ein eller fleire av hovudlaga verta slegne saman til eit hovudlag, vert det nye hovudlaget pålagt dei samanslegne hovudlaga sine plikter og rettar.
Skulle alle hovudlaga i Heimly verta lagt ned eller situasjonen tilseier at det ikkje er grunnlag for vidare drift, er det hovudorganisasjonen sentralt til dei laga som er aktive ved nedlegging som overtek eigaransvaret. 

§8. §2 i desse lovene kan ikkje endrast. Dei andre §§ kan endrast, men det krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte medlemene på Generalforsamlinga som har stemmerett. Endring av lovene må leggjast fram for hovudlaga 2 - to - månader før Generalforsamlinga.
—————–
Lovene for Bedehuset Heimly vart samrøystes vedtekne på Generalforsamlinga 12. November 1969.

Endring av lovene der er vedtekne på Generalforsamlinga 26. April 1983, samrøystes.

Etter at bedehuset Betrania var seld i 2004, er det gjort nokre språklege endringar i vedtektene.

Endring av lovene er samrøystes vedtekne på generalforsamling 29. april 2009

Endring av lovene er vedtekne av ekstraordinær generalforsamling 4. november 2015.