Pinsesalme

Anden ser vi ikkje, men hans stille røyst 
talar i vårt hjarte både tukt og trøyst.

Anden ser vi ikkje, men han gjev oss makt
til å tru og leva slik som Gud har sagt.

Frå vår Gud i himlen, Han som ingen ser, 
kjem Guds Ande til oss, Og eit under skjer.