Lover for Heimly forsamling og eigedomen Marikollen 7

 

§1 Grunnlag 

a. Heimly forsamling byggjer arbeidet sitt på Bibelen Guds ord og den evangelisk lutherske vedkjenninga.

 b. Forsamlinga er tilslutta Indremisjonsforbundet (ImF) og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), og legg både NLMs og ImFs grunnreglar og retningslinjer til grunn.

 

 §2 Føremål

a. Heimly forsamling vil driva eit sjølvstendig arbeid både åndeleg og økonomisk, og har til føremål å fremja Guds rike ved å byggja og halda oppe ei livskraftig forsamling, og vinna nye menneske for Kristus. Me vil arbeida for eit indre- og ytremisjonsarbeid som forkynner Guds ord gjennom dei tiltaka, reiskapar og kanalar ein finn tenlege.

 b. På grunnlag av §1 og §2a driv forsamlinga alt sitt arbeid, og vil forkynne og gje opplæring i Guds ord, forvalte sakramenta, kalla frivillige og eventuelt tilsette sine arbeidarar til teneste i Guds rike. Heimly forsamling består av innmeldte medlemer og andre som deler læregrunnlaget og ynskjer å delta på samlingane.

 c. Styret må i planlegging av semesterplanar, ta omsyn til ynskjer om møteverksemd frå dei lokale foreiningane til ImF og NLM.

 d. Heimly forsamling vil ha eit godt samarbeid med andre organisasjonar som står på same læregrunnlag. Slik ynskjer ein å samla truande i området til eit varmt fellesskap.   

 

 §3 Medlemskap

a. Fullt medlemskap i Heimly forsamling kan teiknast når ein er fylt 15 år. Medlemer må vera døypte med den kristne dåp, vera einige i §1 og §2a, vedkjenne seg trua på Jesus Kristus som Frelsar og Herre. Dei må òg betale den årskontingent som forsamlinga sitt årsmøte vedtek, og er gjort kjent med forsamlinga sitt grunnlag, føremål og arbeid.

 b. Barn av foreldre som er medlemer vert skrivne inn som medlem ved dåp. Barn som er døypte i andre forsamlingar eller kyrkjelydar skal skrivast inn etter melding frå føresette. Eit barnemedlem betalar ikkje kontingent og har ikkje stemmerett på årsmøtet.

 c. Den som ynskjer å melde seg ut av forsamlinga, sender skriftleg melding til styret.

 d. Eit medlem som aktivt motarbeider forsamlinga sitt føremål og grunnprinsipp, og som ikkje rettar seg etter gjentekne oppmodingar frå forsamlinga sitt styre, kan mista medlemskapen sin.

 

§ 4 Årsmøtet

a. Årsmøtet for Heimly forsamling er forsamlinga sitt høgste organ og vert halde kvart år innan 15.april. Alle medlemer som har betalt årskontingent, har stemmerett i årsmøtet. Nye medlemer må være innmeldt og ha betalt kontingent ein månad før årsmøtet.

 b. Årsmøtet handsamar:

- Styret si årsmelding.

- Revidert rekneskap.

- Lovendringar.

- Årskontingent.

- Andre saker som styret eller medlemer legg fram. (jfr. §4e)

- Samtale om arbeidet i året som var og drøfting av visjon, målsetting og arbeidsplan.

- Samtale om arbeidet vidare.

 c. Årsmøtet vel:

- Styremedlemer og varamedlemer til styret.

- Valnemnd for neste årsmøte. Valnemnda består av tre personar som vert valde for to år om gongen. Kvart år vert det vald inn vekselvis eitt eller to medlemer. 

- Rekneskapsførar og revisor.

 d. Årsmøtet gjer sine vedtak med vanleg fleirtal. Lovendringar krev 2/3 fleirtal.

 e. Innkalling og saker som skal handsamast på årsmøtet, må vera kunngjort på mest tjenleg måte og minst 14 dagar før årsmøtet skal vera.

 f. Vil eit medlem ha ei sak fram for årsmøtet, må denne vera sendt til styret seinast 2 månader før årsmøtet. Berre styret og forsamlinga sine medlemer kan fremja forslag til lovendringar.

 g. Ekstraordinært årsmøte kan kallast saman når minst 2/3 av styremedlemene eller 1/3 av forsamlingsmedlemene ber om det.

 

§ 5 Styret

a. Heimly forsamling vert leia av eit styre som er høgste organ mellom årsmøta. Styret leiar forsamlinga i samsvar med §1 og §2a.

 b. Styret har 5 medlemer som vert valde for to år om gongen, slik at det kvart år vekselvis går to eller tre medlemer ut av styret. (Første året vert dette avgjort ved loddtrekning.) Desse kan veljast att, men ingen kan sitja i styret lengre enn seks år i samanheng. Styret har to varamedlemer som vert valde for eitt år.

Første varamedlem møter fast i styret. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er tilstades. Styret konstituerer seg sjølv med leiar, nestleiar, sekretær og kasserar. Kasserar kan verta valde utanfor styret.

 c. Dersom forsamlingsleiar er tilsett, har denne tale- og forslagsrett i styret, men ikkje stemmerett.

 d. Styret lagar ein plan over styremøta og styreleiar kallar inn. Styreleiar kallar og inn til møte når styreleiar eller eit fleirtal av styremedlemene krev det.

 e. Styret kallar saman leiarane av dei lag og foreiningar som høyrer til i Heimly og styrer i barnehagen, minst ein gong for året, til drøfting og planlegging av arbeidet.

 f. Heimly bedehus eig og driv Heimly barnehage i huset. Barnehagen har etter Barnehagelova eige styre og som eigar har styret for Heimly ansvar for å velje medlemer til dette styret etter reglar som er nedfelt i barnehagen sine lover.

 

§ 6 Styret sine oppgåver

Styret skal:

- Setja i verk årsmøtet sine vedtak.

- Forvalta Heimly forsamling sin økonomi. Større økonomiske saker må leggjast fram for forsamlinga sitt årsmøte. Dette gjeld også evt. pantsetting, kjøp og sal av fast eigedom.

- Syta for at arbeidet vert drive i samsvar med Heimly forsamling sine lover.

- Ha ordna reglar for utleige av lokale for eigne lag og andre som vil leige. Styret reviderer reglane når det trengst.

- Kalla dei lønna arbeidarane som forsamlinga treng etter råd frå medlemsmøtet, NLM og ImF.

- Kalla inn til årsmøte og legge til rette dei saker som skal handsamast av dette.

- Hente inn årsmelding og rekneskap frå Heimly Barnehage, til orientering for styret.

 

§ 7 Økonomi

Forsamlinga tek ansvar for eige arbeid, ImF og NLM sitt arbeid i Norge og NLMs misjonsarbeid internasjonalt.

 

§ 8 Lovendring

Årsmøtet for Heimly forsamling kan endre denne lova med 2/3 fleirtal. Jfr. § 4d

Paragraf 1a og 2a kan ikkje endrast.

Endringer av lovene må ikkje være i strid med grunnreglane i NLM og ImF.

 

§ 9 Oppløysing

Skulle ein av hovudorganisasjonane verta nedlagt, er det den attverande som driv arbeidet vidare.

Skulle Heimly forsamling verta nedlagt eller oppløyst, vert forsamlinga sine økonomiske midlar fordelt likt mellom lokale krets/region av ImF og NLM med 50 % til kvar.

 Dersom eigedomen skulle verta seld på grunn av nedlegginga av Heimly forsamling, vert salssummen, etter at alle utgifter er betalte, delt likt mellom dei lokale kretsane/regionane av dei organisasjonar som bygde Heimly bedehus. Desse var: Indremisjonsforbundet, Norsk Luthersk Misjonssamband, Det Norske Misjonsselskap, Søndagsskolen og Normisjon.


—————–
Lovene for Bedehuset Heimly vart samrøystes vedtekne på Generalforsamlinga 12. November 1969.

Endring av lovene der er vedtekne på Generalforsamlinga 26. April 1983, samrøystes.

Etter at bedehuset Betrania var seld i 2004, er det gjort nokre språklege endringar i vedtektene.

Endring av lovene er samrøystes vedtekne på generalforsamling 29. april 2009

Endring av lovene er vedtekne av ekstraordinær generalforsamling 4. november 2015.

Nye lover vedtatt på ordinært årsmøte 24.april 2019