§1 Grunnlag
a. Heimly forsamling byggjer arbeidet sitt på Bibelen Guds ord og den evangelisk lutherske vedkjenninga.
b. Forsamlinga er tilslutta Indremisjonsforbundet (ImF) og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), og legg både NLMs og ImFs grunnreglar og retningslinjer til grunn.
§2 Føremål
a. Heimly forsamling vil driva eit sjølvstendig arbeid både åndeleg og økonomisk, og har til føremål å fremja Guds rike ved å byggja og halda oppe ei livskraftig forsamling, og vinna nye menneskje for Kristus. Me vil arbeida for eit indre- og ytremisjonsarbeid som forkynner Guds ord gjennom dei tiltaka, reiskapar og kanalar ein finn tenlege.
b. På grunnlag av §1 og §2a driv forsamlinga alt sitt arbeid, og vil forkynne og gje opplæring i Guds ord, forvalte sakramentene, kalla frivillige og eventuelt tilsette sine arbeidarar til teneste i Guds rike. Heimly forsamling består av innmeldte medlemer og andre som deler læregrunnlaget og ynskjer å delta på samlingane.
c. Styret må i planlegging av semesterplanar, ta omsyn til ynskjer om møteverksemd frå dei lokale foreiningane til ImF og NLM.
d. Heimly forsamling vil ha eit godt samarbeid med andre organisasjonar som står på same læregrunnlag. Slik ynskjer ein å samla truande i området til eit varmt fellesskap.
§3 Medlemskap
a. Fullt medlemskap i Heimly forsamling kan teiknast når ein er fylt 15 år. Medlemmar må vera døypte med den kristne dåp, vera einige i §1 og §2a, vedkjenne seg trua på Jesus Kristus som Frelsar og Herre. Dei må og betale den årskontingent som forsamlinga sitt årsmøte vedtek, og er gjort kjent med forsamlinga sitt grunnlag, føremål og arbeid.
b. Born som går i forsamlinga kan meldast inn i Heimly forsamling som barnemedlemer. Eit barnemedlem betalar ikkje kontingent og har ikkje stemmerett på årsmøtet.
c. Born som vert døypte i forsamlinga vert samstundes skrivne inn som barnemedlemer dersom foreldra er medlemer. Ynskjer foreldre som ikkje er medlemer å melde inn sine born, er det ope for det. Born som er døypte i andre forsamlingar vert skrivne inn etter melding frå foreldra. Når borna er 15 år må dei sjølv velja om dei vil verta tekne opp i fullt medlemskap.
d. Den som ynskjer å melde seg ut av forsamlinga, sender skriftleg melding til styret.
e. Eit medlem som aktivt motarbeider forsamlinga sitt føremål og grunnprinsipp, og som ikkje rettar seg etter gjentekne oppmodingar frå forsamlinga sitt styre, kan verta fråteke medlemskapen sin.
§ 4 Årsmøtet
a. Årsmøtet for Heimly forsamling er forsamlinga sitt høgste organ og vert halde kvart år innan utgangen av april månad. Alle medlemer som har betalt årskontingent, har stemmerett i årsmøtet.
b. Årsmøtet handsamar:
- Styret si årsmelding.
- Revidert rekneskap.
- Lovendringar.
- Årskontingent.
- Andre saker som styret eller medlemer legg fram. (jfr. §4e)
- Samtale om arbeidet i året som var og drøfting av visjon, målsetting og arbeidsplan.
- Samtale om arbeidet vidare.
c. Årsmøtet vel:
- Styremedlemer og varamedlemer til styret.
- Valnemnd for neste årsmøte.
- Rekneskapsførar og revisor.
d. Årsmøtet gjer sine vedtak med vanleg fleirtal. Lovendringar krev 2/3 fleirtal.
e. Innkalling og saker som skal handsamast på årsmøtet, må vera kunngjort på mest tjenleg måte og minst ein månad før årsmøtet skal vera.
f. Vil eit medlem ha ei sak fram for årsmøtet, må denne vera sendt til styret seinast 2 månader før årsmøtet. Berre styret og forsamlinga sine medlemer kan fremja forslag til lovendringar.
g. Ekstraordinært årsmøte kan kallast saman når minst 2/3 av styremedlemene eller 1/3 av forsamlingsmedlemene ber om det.
§ 5 Styret
a. Heimly forsamling vert leia av eit styre som er høgste organ mellom årsmøta. Styret leiar forsamlinga i samsvar med §1 og §2a.
b. Styret består av fem medlemer som vert valde for to år om gongen, slik at det kvart år vekselvis går to eller tre medlemer ut av styret. (Første året vert dette avgjort ved loddtrekning.) Desse kan veljast att, men ingen kan sitja i styret lengre enn seks år i samanheng før evt. attval. Styret har to varamedlemer som vert valde for eitt år.
Første varamedlem møter fast i styret. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er tilstades. Styret konstituerer seg sjølv med leiar, nestleiar, sekretær og kasserar. Kasserar kan velgast utan for styret.
c. Dersom forsamlingsarbeidarar er tilsette, kan desse møte i styret med tale-og forslagsrett, men ikkje stemmerett.
d. Styret lagar ein plan over styremøta og styreleiar kallar inn. Styreleiar kallar og inn til møte når styreleiar eller eit fleirtal av styremedlemene krev det.
e. Styret kallar saman leiarane av dei lag og foreiningar som høyrer til i Heimly og styrer i barnehagen, minst ein gong for året, til drøfting og planlegging av arbeidet.
f. Heimly bedehus eig og driv Heimly barnehage i huset. Barnehagen har etter Barnehagelova eige styre og som eigar har styret for Heimly ansvar for å velje medlemer til dette styret etter reglar som er nedfelt i barnehagen sine lover.
§ 6 Styret sine oppgåver
Styret skal:
- Setja i verk årsmøtet sine vedtak.
- Forvalta Heimly forsamling sin økonomi. Større økonomiske saker må leggjast fram for forsamlinga sitt årsmøte. Dette gjeld også evt. pantsetting, kjøp og sal av fast eigedom.
- Syta for at arbeidet vert drive i samsvar med Heimly forsamling sine lover.
- Ha ordna reglar for utleige av lokaler for eigne lag og andre som vil leige. Styret reviderer reglane når det trengst.
- Kalla dei lønna arbeidarane som forsamlinga treng etter råd frå medlemsmøtet.
- Kalla inn til årsmøte og legge til rette dei saker som skal handsamast av dette.
- Hente inn årsmelding og rekneskap frå Heimly Barnehage.
§ 7 Økonomi
Forsamlinga tar ansvar for eige arbeid, ImFs og NLMs arbeid i Norge og NLMs misjonsarbeid internasjonalt. Ved ansettelser skal forsamlinga rådføre seg med begge organsiasjonane.
§ 8 Lovendring
Årsmøtet for Heimly forsamling kan endre denne lova med 2/3 fleirtal. Jfr. § 4d
Paragraf 1a og 2a kan ikkje endrast.
§ 9 Oppløysing
Skulle ein av hovedorganisasjonane verta nedlagt er det den attverande som driv arbeidet vidare.
Skulle Heimly forsamling verta nedlagt eller oppløyst, vert forsamlinga sine økonomiske midlar fordelt likt mellom ImF og NLM med 50 % til kvar.
Dersom eigedomen skulle verta seld på grunn av nedlegginga av Heimly forsamling, vert salssummen, etter at alle utgifter er betalte, delt likt mellom dei organisasjonar som bygde Heimly bedehus. Desse var: Indremisjonsforbundet, Norsk Luthersk Misjonssamband, Det Norske Misjonsselskap, Søndagsskolen og Normisjon.
Vedteken på årsmøtet (2019 ifm etablering av Heimly forsamling)
xx.xx.xxxx
Styret